OLAV DUUN |
|
Olav Duun blei fødd 21. november 1876 og døydde 13. september 1939. Han vaks opp på øya Jøa i Fosnes kommune, eit stykke barsk kystkultur nordvest i Nord-Trøndelag. Han budde heime på Jøa heilt til han var 25 år gammal. I denne tida tok han del i gardsarbeidet og rodde dessutan vinterfisket på Sør-Gjeslingan og Sørøyan på Folda i åtte vintrar. I 1901 byrja han på lærarskolen i Levanger. Etter lærareksamen i 1904 arbeidde han i fire år som lærar i Trøndelag. I 1908 blei han tilsett som lærar (i Botne) i Holmestrand. Same året gifta han seg med Emma Georgine Møller, som også var frå Namdalen. I 1910 fekk dei dottera Dagmar.
Haustbok i Olav Duuns rike, 3. og 4. november 2007
DUUN - DAGENE 2007 I HOLMESTRAND - Program for dagene
Bilder fra Duun-stemnet i 2003
Utgivelser
Duun-sider på nettet
Olav Duun Videregående Skole